Kurs for nokre heldige elevar i 9.klasse på FUS.

Velkommen til kurs: Elevar som arrangør.
Torsdag 7.februar 2008 i Førde.

Skriv ein søknad om å få komme med på kurset. Lever
den til teamleiar, Hildegunn Bjørvik.

FUS 23.01.2008
Asbjørn Eikerol
Her er invitasjon og program. 

KURSINTIVASJON: Elevar som arrangørar

Fylkeskommunen, Rikskonsertane og Musikk i skulen inviterer med dette til eit dagskurs for elevar og lærarar i ungdomsskulane i Sogn og Fjordane våren 2008. Kurset er knytt opp til skulekonserten "68 Experience" som kjem til din skule til våren.

 

• Kven får denne invitasjonen her og no?
Høyanger skule, Viksdalen skule, Sande skule, Fjaler ungdomsskule,

Våge skule, Askvoll skule, Bulandet skule og Gjelsvik skule

 

• Kven kan delta frå kvar skule?

3 elevar og 2 lærarar (1 bil frå kvar skule)

 

• Kvar skal kurset føregå?

Rica Sunnfjord Hotel, Førde

• Når skal kurset vere?

TORSDAG 7. februar kl. 0930-1400

 

• Kva kostar kurset?

Kurset er gratis, men skulen må sjølv dekkje transporten til og frå kursstaden. Deltakarane får gratis lunsj, frukt og kaffi i løpet av kursdagen.

 

• Kvifor dette kurstilbodet?
Rikskonsertane, Musikk i skulen og fylkeskommunen ynskjer at skulane skal styrke si rolle som vertskap for kulturarrangementa ved skulen. Denne kompetansen vil også kome skulen tilgode ved eigne arrangement på skulen.


• Kven deltek som kurshaldarar?
Rikskonsertane: Runar Gudnason (kjend frå gruppa SIDE BROK)
Musikk i skulen: Are Fevang
Fylkeskommunen: Øyvind Lyslo og Trygve Apalset
Gjestemusikar: Olav Dale

 

• Kva går kurset ut på?
På dette kurset skal elevarrangørane lære om å arrangere konsertar, i tillegg til å førebu seg til å arrangere konsert med gruppa 68 Experience, som kjem til skulane våren 2008 Konsertplan for 68 Experience finn de her.

I tillegg er ein del av opplegget at elevane får møte ein musikar med brei erfaring frå skulekonsertar. Her vil kursdeltakarane få møte den erfarne musikaren Olav Dale.

 

• Når er siste frist for å melde seg på?
Fristen for påmelding er sett til onsdag 23. januar 2008 kl. 1600.

Send e-post til: oyvind.lyslo@sfj.no eller ring 90 11 34 33.

 

PROGRAM

0930-0945 Velkomen (Frukt/kaffi/vatn)

0945-1000 Minikonsert (Olav Dale/Øyvind Lyslo)

1000-1010 Møt musikaren (Olav Dale)

1010-1015 Plan for dagen (gjennomgang)

1015-1020 Informasjon (Kort introduksjon av Den kulturelle skulesekken, Rikskonsertane og skulekonsertordninga)

1020-1115 ELEVAR SOM ARRANGØRAR, del 1
Kva er ein god arrangør, oppgåver, ansvar, roller, vertskap. Spørsmål og diskusjon

1115-1200 ELEVAR SOM ARRANGØRAR, del 2
Planlegging av sjølve konserten, presentasjon, elevane frå kvar skule sit i grupper og planlegg sin konsert. Oppfylgjing og rettleiing ved kurshaldarane.

1200-1245 LUNSJ

1245–1330 PARALLELT (for elevane)
Elevgruppene presenterer sine idear om arrangementet for dei andre elevane. Diskusjon.

 

1245–1330 PARALLELT (for lærarane)
Informasjon og motivasjon for kulturkontakt/lærarar. Fokus på kulturkontakten og forankringa i skulen sitt ansvar og leiing.

1330-1400 OPPSUMMERING Utdeling av arrangørpassa

(NB! ingen vaksne får arrangørpass!)

 

Dersom de har spørsmål, kan de ta kontakt med Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, eller send e-post til oyvind.lyslo@sfj.no

 

Meir om prosjektet "Elevar som arrangørar"

"Elevar som arrangørar" er eit landsomfattande prosjekt som Rikskonsertane, fylkeskommunen og Musikk i Skulen samarbeider om. Hausten 2007 ynskjer vi å setje i gong dette prosjektet i eit heilt turnédistrikt i Sogn og Fjordane, og har invitert 2 lærarar og 3 elevar frå dykkar skule til dagskurs på Quality Sogndal Hotell, tysdag 28. august og onsdag 29. august. Kurset er meint for elevar og lærarar i ungdomsskulen.


Meir om opplegget for kursdagen

Minikonsert og møte med ein av landets mest erfarne skulekonsertutøvarar, saksofonisten Olav Dale

Innføring og presentasjon av prosjektet "Elevar som arrangørar"

Presentasjon av handboka for elevarrangørane

lnformasjon om turneen med 68 Experience

Gratis lunsj på hotellet, i tillegg til kaffi, mineralvatn og frukt.

Prosjektet "Elevar som arrangørar" har fått svært gode tilbakemeldingar, ein kommentar som går att er "Kvifor har vi ikkje gjort dette før?"

 

Meir om oppdraget for elevarrangørane våren 2008

Vi tek utgangspunkt i skulekonsertturneen med den bergenske rockegruppa "68 Experience" som kjem til skulen dykkar i mars og april (sjå konsertplan på sfj.ksys.no). Denne gruppa har spesialisert seg på rock med trøkk i frå siste delen av 60-talet og byjinga av 70-talet. De vil få fleire opplysningar om denne turneen på kursdagen.

Kurshaldar Runar Gudnason var i Sogn og Fjordane hausten 2007 i samband med turne og forprosjekt med gruppa SIDE BROK.

 

 

Sjå også nettsida:

www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer

 

VELKOMNE TIL KURS!

Helsing

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rikskonsertane

Musikk i skulen

 

Sist redigert 23.01.2012 av Sigvard Sørebø Skaar